søndag 21. november 2010

Barcelona

Eg var i Barcelona med mora mi, ein sommerferie. Eg var vel 12 år, og skulle byrje i 8. klasse, om eg ikkje tek heilt feil.
Ein av kveldane følte eg meg dårleg, og vart heime på hotellrommet, medan mamma handla inn litt gåver til søskene mine. Då ho kom heim, var eg betre å vi drog ut for å ete middag. Klokka var vel nærmere 12, og liten som eg var synst eg det var veldig stort å skulle dra ut for å ete så seint. Då vi kom til resturantene var det lange køane for å få bord, men vi kom ganske fort fram sidan vi sa ja til å sitja inne. Dei fleste ville jo sitja ute.
Køane var lange og fleire ungdomsgjenger prøvde snike. Eg og mamma hadde no fått bord inne, rett ved ingangen. Plutseleg stormar alle servitørane på rekkje og rad ut av restauranten. "Kva skjer?" tenkte vi og gjekk ut for å sjå. Ein av ungdomane hadde då slått til ein 70 år gammal servitør, og gjett kva han gjorde då? Han slo tilbake. Og alle servitørane laupte og fanga desse pøblane, medan alle gjestene applauderte. Men då politiet kom var han gamle servitøren mest irritert over at dei forstyrra han i arbeidet, og ville helst ikkje snakke med dei i det heile tatt. Han hadde jo full resturante og greier, såg han måtte forte seg tilbake til jobb.

Dette er éit minne for livet, sidan eg syntest det var veldig spennande opplevelse. Eg syntest òg det var så gøy at han gamle mannen slo tilbake, og deretter fortsette og jobbe. Hadde ein gammal servitør i Noreg vorte slått til av ein ungdomsgjeng hadde det sikkert stått på førstesiden i avisa, og mannen hadde sannsynlegvis oppsøkt fult av psykiatrar, og vore skaka for livet.

Det er verkeleg rart der ulikt det er mellom landa.


- Anna H.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar